(Dei med postnummer 5582)
§ 1 Ølensvåg Grendeutval er eit frittståande lag med ope medlemskap for alle som bur i Ølensvåg.
Årsmøtet, eller styret etter fullmakt frå årsmøtet, kan i tillegg gi medlemskap til personar som bur utanfor Ølensvåg, men som kjenner seg knytt til bygda og ønskjer å delta i laget sitt arbeid.
§ 2 Ølensvåg Grendeutval skal driva framtidsretta bygdeutvikling i Ølensvåg med vekt på lønsam næringsutvikling og gode bu- og oppvekstvilkår, for å bidra til at Ølensvåg skal vera eit levande og attraktivt bygdesamfunn.
§ 3 Årsmøte er høgste organ i laget. Vanleg årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av oktober. Røysterett på årsmøtet har alle medlemmer frå og med det året dei fyller 15 år.
Vanleg årsmøte skal handsama følgjande saker:
4 styremedlemmer for 2 år
3 varamedlemmer i nummerorden for 2 år
2 stk revisorar for 1 år
Valnemnd på 2 medlemmer for I år.
§ 4 I årsmøteperioden blir laget leia av styret. Det skal vera samansett av 5 medlemmer, medrekna leiaren. Styret konstituerer seg sjølv etter årsmøtet, men leiar blir valgt av Årsmøte. Styret har ansvar for at laget arbeider i samsvar med føremåls-paragrafen, og at drifta så langt det er praktisk mogleg følgjer den vedtekne arbeidsplanen. Styret skal leggia fram årsmelding og revidelt rekneskap for årsmøtet. Desse meldingane
og innstillinga frå valkomiteen skal sendast medlemmene saman med innkalling til årsmøte, seinast
14 dagar før årsmøtet. I arbeidsåret skal styret informera medlemmene om arbeidet i laget o.a. på hensiktsmessig måte.
§ 5 Styret kan på eige initiativ, eller etter krav frå 20 medlemmer, kalla inn til ekstraordinært årsmøte. Saksliste og innkalling skal sendast medlemmene seinast 14 dagar før møtet.
§ 6 Laget har eit ideelt føremål, og skal ikkje driva regulær næringsverksemd. Laget er og et høringsorgan for kommunen
§ 7 Vedtektene kan endrast av vanleg årsmøte, når endringsframlegget er sendt medlemmene saman med innkalling til årsmøte. Ved vedtektsendring trengst det 2/3 fleiltal av dei frammøtte, og minstekrav til frammøte er 20 medlemmer. Ved mindre frammøte må framlegget opp til ny avgjerd i nytt årsmøte eller ekstraordinært årsmøte. Ved andre gongs handsaming kan vedtektene endrast med 2/3 fleirtal.
§ 8 Laget kan løysast opp når årsmøtet gjer vedtak om det på to etterfølgjande årsmøte, og begge gonger med 2/3 fleiltal. Minste frammøte på begge årsmøta må vera 20 medlemmer. Ved oppløysing av laget skal aktiva i laget disponerast i samsvar med føremålsparagrafen.
Vedtektene er endret på ekstraordinert årsmøte den 28.06.2017.